Sirdal Kyrkje
Songen frå Sion

Songen frå Sion

Publisert: 31. Mai 2007
Sundag 10. juni framfører Olav Mosdal og Sirdal Blandakor syngespelet "Songen frå Sion" i Tonstad kyrkje.Musikken er skriven av Sigvald Tveit og tekstane er av Olav Mosdøl(bilete).

Sirdal Blandakor har denne våren øvd inn syngespelet "Songen frå Sion". Musikken er skriven av Sigvald Tveit og tekstane er av Olav Mosdøl. Olav Mosdøl blir sjølv med under framføringa i Tonstad kyrkje i juni.
Olav Mosdøl har vore lærar ved Kvitsund gymnas i Telemark i ei årrekkje. Han har skreve ei mengd dikt, som er tonesett, mellom anna av fjotlendingen Sverre Eftestøl.
"Songen frå Sion" er eit syngespel der vi følgjer ein pilgrim på reis gjennom kyrkjehistoria frå Jesu fødsel, gjennom kyrkja si framvekst i Europa til evangeliet nådde våre kyster, vidare går det framover mot vår tid og korleis evangeliet blir sendt vidare til andre verdsdelar mellom anna til Andesfjella. Det heile sluttar med visjonen om den nye himmel og den nye jord. Musikken er prega av denne reisa med innslag av jødiske, keltiske, nordiske og latinamerikanske tonar. Olav Mosdøl vil sjølv binde det saman med eigne dikt og bibeltekstar.
På konserten har koret også mellom anna fått med seg musikarane Inge Sunde og Oddbjørn Stakkeland. Kulturskule rektor Kristin Valle Sunde skal vere solist saman med Sigurd Flydal, Sven-Egil Testad, Karl Johan Sparr og Signe Grødem. Aslaug Fodstad skal spele fiolin og Ingunn Tonstad fløyte. Dirigent Hanne Fodstad er musikalsk
leiar.

 

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)