Sirdal Kyrkje
Feira Barnas misjonsdag

Feira Barnas misjonsdag

Publisert: 20. Februar 2007
Barne- og ungdomsarbeider i NMS, Monika Bygdevoll (25), deltok med andakt og informasjon om NMS sitt arbeid i Egypt, da kyrkjelyden i Sirdal feira Barnas Misjonsdag på sundag.

Monika Bygdevoll kledde på seg ei flott Egyptisk drakt, og brukte unge hjelpere til å dramatisere den blinde mannen ved Jeriko som ropte på Jesus om hjelp. Ho fortalde engasjert om NMS sitt arbeid i Egypt.
Barnekoret og Bone Vox deltok med songinnslag og lystenning. 4. klassingane ved Tonstad skule hadde fått spesiell innbyding til denne gudstenesta. Dei fekk utdelt heftet Sjekk kyrkja. Meininga er at dette heftet skal brukast heime, men kyrkja skal også ha ei samling med elevane i Tonstad kyrkje seinare i vår. Her skal dei bli betre kjend med si lokale kyrkje. Dei skal nemleg utforska ho, vere detektivar! 4. klassingane hadde også førebudd seg godt. Dei hadde laga flotte teikingar på lysark som handla om Egypt.
Etter gudstenesta hadde Anne Turid S. Garnica baka herlege fastelavnsbollar som folk kunne forsyne seg av.

BILETE

PSK

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)