Sirdal Kyrkje
FORGLEMMEGEI

FORGLEMMEGEI

Publisert: 24. Mars 2007
Komande tysdag (27. mars) kjem konfirmantar og andre vaksne frå Sirdal på besøk til alle husstandane i bygda, for å samle inn pengar til menneske som lever i vedvarande humanitær krise og som treng hjelp.

Kirkens Nødhjelp markerer sine 60 år som naudhjelps- og bistandsorganisasjon i Noreg ved å setje fokus på menneske som lever i krise, og som ikkje blir sett av verdssamfunnet. I år er det også 40 års jubileum for Kirkens Nødhjelps fasteaksjon, som har vore arrangert sidan 1967. Dette er Noregs nest største dør-til-dør aksjon med om lag 40.000 bøsseberarar. I fjor nådde fasteaksjonen ny rekord på landsbasis med over 28 millionar kroner.
Det finst alt for mange menneske som lever i vedvarande krise utan sjanse til å skape ei trygg framtid for seg og sine. Dei er menneske som søkjer tryggleik og vern i flyktningleirar. Mange bur også i område som stadig oftare blir ramma av naturkatastrofar på grunn av klimaendringane. Andre lever under regime der dei stadig blir utsette for brot på menneskerettane. Alle har dei rett til å bli sett.
undefined

Det er vanskelig å sammenligne den virkelighet vi lever i, og den som de opplever. Langvarig tørke som følge av klimaendringer har endret hele livet til Maryan (bildet) fra Kenya. Dyr dør av tørken og de får ikke tak i melk fordi alle dyrene er døde. Geitene var eneste inntekstkilde. Det har fått store konsekvenser for Maryann: Hun måtte slutte på skolen.
Klimaendringene merkes verden over.

Kirkens Nødhjelp ønskjer å setje fokus på situasjonen til unge menneske som har flykta frå militærregimet i Burma og som no lever i flyktningleirar eller oppheld seg ulovleg i Thailand. I Kenya har klimaendringane og den nådelause tørken ført til tap av husdyr og levebrød i mange familiar.
- Målsetjinga er å oppnå endå betre resultat i Sirdal enn i fjor, då innsamlingsresultatet var over 47 tusen kroner. Dette var dessutan eit kjempeflott resultat!
Pengane som blir samla inn vil gå til Kirkens Nødhjelps arbeid med å hjelpe menneske som lever i konstant og gløymt krise. Vern handlar blant anna om å tilby tryggleik i flyktningleirar, tilgang til reint vatn, utdanning og helsetilbod. Kirkens Nødhjelp vil framheve at alle menneske i humanitær krise har ein grunnleggjande rett til hjelp, vern og omsorg.

Ta vel i mot bøsseberarane!

Helsing den lokale KN- komité
Anders Berg, Steinar Tjomlid og
Per Sverre Kvinlaug

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)