Sirdal Kyrkje
4-åringane i Sirdal fekk bok på påskefest

4-åringane i Sirdal fekk bok på påskefest

Publisert: 25. April 2007
Sundag 15. april fekk deisom fyller 4-år dette året boka Mi eiga kyrkjebok. Her er dei som fekk boka i Lunde kyrkje på føremiddagen.

Boka handlar om Line som dagleg oppdagar noko nytt. I boka er det også nokre fine songar.
4-åringane i Øvre Sirdal fekk boka på familiegudstenesta i Lunde kyrkje sundag føremiddag. Her deltok ”Smågodt” med fin song. Arnhild Bjørndal frå sundagsskulen fortalde om planar for barnearbeidet i Øvre Sirdal. På ettermiddagen var det fireåringane på Tonstad sin tur. På denne gudstenesta var barnekoret med og song. Ingunn Berstad Tonstad var med frå sundagsskulen på Tonstad. Ho delte ut bornebladet Barnas og gav borna informasjon om sundagsskulen. Både på Tonstad og i Lunde kyrkje var det born som las dagens preiketekst. Den handla om læresveinen Tomas som fekk kjenne på såra i Jesu hender. ”Fred vere med dykk” var dagens supersetning som borna lærde med teiknspråk.

Bilete frå Lunde kyrkje
Bilete frå Tonstad kyrkje


Per Sverre Kvinlaug

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)