Sirdal Kyrkje
Fellesskapskveld på Tjørhom

Fellesskapskveld på Tjørhom

Publisert: 26. September 2007
Sist onsdag blei den fyrste av tre fellesskapskveldar i regi av Syskenringen arrangert. Her var både unge og eldre samla. Den yngste var lille Miriam på tre månader, her på fanget til pappa Svein Rune og med mamma Bjørg Hilde ved sida.

Det var ein fin kveld på grendehuset denne kvelden. Sokneprest Sigurd Flydal hadde bibelundervising over temaet: I møte med Jesus. Han trakk fram forteljinga om kvinna som møtte Jesus ved Sykars brønn. - Det er viktig at vi fortel vidare forteljingane i bibelen, understreka Flydal i undervisninga.- Jesus møter oss slik vi er, minnet han oss om.
Per Sverre Kvinlaug bidrog med song, og samlinga blei leia av Olav Heggdal. Det var ein flott gjeng på over 20 stk som deltok denne kvelden som starta med skikkelig god kveldsmat. Takk til Gerd Signy og resten av gjengen på kjøkkenet for godt stell! Kvelden blei avslutta med ei fin bønestund med lystenning.
Neste fellesskapskveld er på Filadelfia Tonstad, onsdag 17. oktober kl. 19.00. Den tredje og siste fellesskapskvelden blir på Tjørhom grendehus, onsdag 21. november.

Bilete frå samlinga

psk

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)