Sirdal Kyrkje
4. klassingar på Tonstad fekk heftet Sjekk kyrkja

4. klassingar på Tonstad fekk heftet Sjekk kyrkja

Publisert: 5. Februar 2008
Sundag var det Barnas Misjonsdag i Tonstad kyrkje. Her var 4. klassingane på Tonstad spesielt innbydde. Dei skulle få heftet Sjekk kyrkja. Både barbekoret og Bone-Vox deltok med flott song.

Mange born var aktive då kyrkjelyden feira Barnas misjonsdag i Tonstad kyrkje. Allereie frå starten kom born og ungdom inn i prosesjon, saman med dåpsbarnet. Under prosesjonssalmen Lyset er kommet til verden blei det tend eit lys for kvart vers. Det var jentene i Bone-Vox som tende lysa. Dette satte ein flott ramme for Barnas Misjonsdag med fokus på misjon. Andakten blei halden av Sverre Jakobsen, som var på besøk fra NMS. Han viste blant anna fram leikar som born på Madagaskar brukar. 4. klassingane hadde førebudd seg med teikningar på lysark. Dei handla om den blinde mannen i Jeriko som fekk synet att då han møtte Jesus. Nokre av 4. klassingane deltok også med tekstlesing. Det gjorde dei på ein strålande måte. Det blei ein flott Barnas Misjonsdag.

BILETE

Per Sverre

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)