Sirdal Kyrkje
Frå draum til røyndom

Frå draum til røyndom

Publisert: 3. Mars 2008
Årets fasteaksjon i regi av Kirkens Nødhjelp vert kalla ”Frå draum til røyndom”. Petter og Benjamin skal fortelje skuleelevar i Sirdal om korleis menneske som lev i skuggen av krig og terror har det. Årets aksjon er tysdag 11. mars. Ta godt imot bøsseberarane.

Benjamin kjem direkte i frå Kenya og valden herjar i områda han har sitt arbeide. Eit av landa det er fokus på i fasteaksjonen er Etiopia. Krig har satt ein stoppar for mange born og ungdom sine draumar for framtida, ikkje minst med tanke på utdanning og eit liv utan fattigdom. Dei kjempar hardt for å ta attende draumane. Det er difor ekstra sterkt å sjå at vald og konfilktar igjen får utvikla seg, som det når gjer i heimlandet hans.
Fredag 7. mars kjem det 5 representantar frå Kirkens Nødhjelp på besøk til Sirdal. Dei skal fordele seg ut til alle skulane, frå dei minste elevane til dei eldste. På Tonstad skal det vere skulegudsteneste i Tonstad kyrkje for 1.-7.klasse fredag morgon.
Sjølve fasteaksjonen går av stabelen tysdag 11. mars. Då kjem det konfirmantar og andre ungdommar og vaksne og ber om di gåve til dei menneske som lev i skuggen av krig og terror. Vi vonar du tek godt i mot dei! Vi treng bøsseberarar og/eller sjåførar. Kunne du tenkje deg det?
Ta gjerne kontakt med Steinar Tjomlid, Anders Berg eller Per Sverre Kvinlaug. Dei sit i KN-komiteen her i Sirdal.    

PSK

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)