Sirdal Kyrkje
Historisk myldring på Tonstad

Historisk myldring på Tonstad

Publisert: 6. Mars 2008
For fyrste gong i kyrkjehistoria i Sirdal blei det sundag 2. mars arrangert myldregudsteneste for born i kyrkja. Over 100 møtte fram til myldring. Blant dei var 5 år gamle Aurora.

undefined

Sokneprest Sigurd Flydal teiknar krossmerket i panna på Aurora

Aldri før har det blitt arrangert ei slik gudsteneste for born i Tonstad kyrkje. At det var så mange som kom var svært gledeleg! Det var sendt ut invitasjon til alle mellom 0 og 6 år i heile Sirdal. Her blei dei oppfordra til å ta med seg foreldre, besteforeldre, faddarar og/eller andre i familien.
Gudstenesta var lagt opp med at det i starten var ei allsongavdeling, og her bidrog barnekoret med eigne songar og var med å lede allsongen. Etterpå hadde søndagsskulen v/ Ruth Lillian hadde andakt saman med Per Sverre. Den handla om den eine sauen som ble borte. Så kom vi til myldringa. Då var det lagt opp til tre stasjonar som dei kunne gå innom. Det var dåpspåminning, bordvers og bøn. Samlinga blei avslutta med songen Kjære Gud vi ber om nåde, etterfulgt av Velsigninga. Undervisnings- og konfirmantutvalet ser ikkje bort i frå at ein også neste år vil arrangere ei slik gudsteneste. Til dykk som var tilstades, høyrer vi gjerne ei tilbakemelding på korleis de opplevde samlinga. Det er viktig med tanke på neste gong vi eventuelt vil arrangere ei slik samling.

BILETE (foto: Laila Ø og Per S. K)

Per Sverre

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)