Sirdal Kyrkje
Ungdommar vil restaurere

Ungdommar vil restaurere

Publisert: 24. April 2008
Ungdommar ønskjer å restaurere loftet på Tonstad bedehuset. Styret i Åpent Hus vil sette i gong så snart som mogleg, fortel Dagny Irene Tonstad, leiar for styret i Åpent Hus.

Det er ein aktiv gjeng med ungdommar på bedehuset. Tiltaket ”Åpent Hus” har eksistert i mange år, og er eit ungdomsarrangement som stort sett har vore i bedehuskjellaren. Nå ønskjer dei å ta i bruk loftet til enkelte arrangement.
- Vi diskuterte dette i styret nyleg, og planane er også presenterte for bedehusstyret. Dei er svært positive til prosjektet, smiler Dagny Irene Tonstad (frå bedehusloftet), som er leiar for styret i Åpent Hus.
- Det er 20 år sidan at ein gjorde noko med loftet på bedehuset. Tida har forandre seg sidan då, og me meinar det er på tide med noko nytt, seier ho vidare. I tillegg blir loftet i dag lite brukt, men me ser eit potensial her.
I fyrste omgang skal me rydda ut mykje av det som står der i dag. Det skal leggjast nytt golv og veggane skal panelast. Gardinene skal bort og det skal monterast persienner.
Ungdommane ser for seg innkjøp av nye sofaer, og ønskjer å innreie ein kjøkkenkrok.
- Dette vil koste nærare 50 tusen kroner, og vi håper at folk kan tenkje seg å støtte dette prosjektet vårt økonomisk eller på dugnad, fortel Dagny Irene. Den fyrste veka i juli startar me arbeidet med å renovera loftet. Det er satt av tre veker til prosjektet, og dei håpar at dei kan ta i bruk det nye rommet allereie i haust.
Bankkonto Åpent Hus:
3132.07.04912

Per Sverre

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)