Sirdal Kyrkje
Friluftsgudsteneste på Feed skiarena

Friluftsgudsteneste på Feed skiarena

Publisert: 24. April 2008
Kristi Himmelfartsdag blir det for fyrste gong arrangert friluftsgudsteneste på Feed skiarena. Då er det også høve til å prøve å skyte og gå på rulleski om du vil.

 Vi er takksame for at dei ansvarlege på Feed skiarena legg til rette for dette, fortel sokneprest Sigurd Flydal, som gler seg til arrangementet.
I tillegg til at det blir gudsteneste i friluft i flotte omgivelser, skal også Trond Helge Sinnes fortelje om anlegget og aktiviteten. Dei vil også halde kiosken open denne dagen. Rolf Hompland i skigruppa skal ha leik i etterkant av gudstenesta, mellom anna natursti. Då vil det også bli høve til å prøve å skyte og gå på rulleski. Det vil også legges til rette for turgåing. Ein oppfordrar alle til å ta med seg stol. Uansett vèr blir det gudsteneste på skiarenaen, enten ute eller inne.
Feed skiarena er eit heilårs trenings– og konkurranseanlegg for langrenn og skiskyting. Her er det totalt 7 kilometer løyper, 3 av desse er asfaltert for rulleskibruk. Skytebanen har 30 elektroniske skiver. Bilete er henta frå nettstaden til Feed skiarena (www.feedskiarena.no).  og er frå NM i sommerskiskyting 2003.
- Vi vonar mange vil ta turen til Feed på Kristi Himmelfartsdag kl.11.00. Opplegget passar for heile familien!

psk

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)