Sirdal Kyrkje
Samtalegudsteneste med konfirmantane

Samtalegudsteneste med konfirmantane

Publisert: 29. Mai 2008
Sundag 25. mai var det samtalegudsteneste med konfirmantane. Her bidrog dei på forskjellige måtar i gudstenesta.

Nyleg var dei alle samla i Tonstad kyrkje til samtalegudsteneste. Konfirmantane hadde førebudd seg med forskjellige oppgåver. Det blei stilt spørsmål om ulike tema som dei har hatt om i konfirmanttida, og dei las opp nokre av desse svara. Ei gruppe hadde også (bilete) eit opplegg om Tru, von og kjærleik. Andre viste fram ei teikning av eit tre og merkar av handflatene til kvar konfirmant. Dette for å illustrere at kvar og ein er unike! Utanom konfirmantane  deltok ungdomskoret med song. Etter gudstenesta var det fest i kulturhuset for konfirmantane. Her stod det blant annet gode smørbrød og kaker på menyen. Konfirmantane fekk uttelt boka ”En helt overkommelig bibel” som ei gåve frå kyrkjelyden. Det blei vist video frå konfirmantleiren, og ein hadde bordkonkurranse, som ein gjeng frå ungdomskoret kom sigrande ut av. Tusen takk til alle som på ein eller anna måte har bidratt i forhold til konfirmanttida 2007/2008.

BILETE (Foto: Unni Bjørndal og Linn Therese Åsemoen)

Per Sverre

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)