Sirdal Kyrkje
Ein musikalsk reise i 1700 talets Europa

Ein musikalsk reise i 1700 talets Europa

Publisert: 18. Juli 2008
25 tilhøyrarar fekk med seg den musikalske reisa i 1700-talets Europa som Ghislain presenterte i Tonstad kyrkje 16. juli. På konserten framførte han verker både på cembalo og orgel.

Ghislain Gourvennec (født 14. april 1983)  arbeidar som kantor i Sola. Han starta sin musikalske løpebane som 6-åring, med undervisning i orgel, klaver, analyse og harmonilære. Sin diplomutdanning har han frå Paris. Han har også studert bl.a. kyrkjemusikk og cembalo ved Universitetet i Stavanger. Han har gjort en rekke konserter i Norge og Frankrike, både solo, med kammarensembler og orkester.  I 2004 mottok han stipend fra Assosiation Franco-Norvégienne. Ghislain Gourvennec er styreleiar i Musica Sacra, samfunn til kyrkjemusikalsk fornying.
Ghislain gav eit musikalsk møte med 1700 talets Europa på konserten. I første del nytta han cembalo til å framføre musikk av den tyske barokkkomponisten og organisten Johan Jakob Froberger og første suite av franskmannen Louis Marchand. Begge desse to komponistane var prega av italiensk musikk i si samtid.
Deretter gjekk han opp og fullførte konserten på orgelkrakken, først med et preludium av Dietrich Buxtehude. Eit verdig punktum sette Ghislain Gourvennec med konsert i D-moll, som er tilrettelagt for orgal av Bach etter ein fiolinkonsert av Vivaldi.

PØR

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)