Sirdal Kyrkje
Kapa-Kohila Kammerkoor imponerte i Egersund kirke

Kapa-Kohila Kammerkoor imponerte i Egersund kirke

Publisert: 21. August 2008
Kapa-Kohila Kammerkoor frå Estland imponerte i Egersund kyrkje onsdag kveld. Torsdag kveld var det konsert med Sirdal Blandakor på Kulturhuset. Fredag gjekk turen til Sirdal Fjellmuseum

Koret har med seg litt over 20 songarar til Sirdal. Om lag møtte fram for å høyre koret i Egersund kyrkje onsdag kveld. Dei frammøtte fekk mellom anna høyre estiske folkeviser, perlar frå italiensk og engelsk songskattar og "Ut mot havet" av den norske komponisten Edvard Fliflet Bræin. Under leiing av sin dirigent Vahur Soonberg gjennomførte koret ein flott konsert i Egersund kirke.

Koret hadde eit hektisk og variert program den veka dei gjesta Sirdal. I tillegg til å halde konsertar og delta på friluftsgudsteneste på Roskrepp kraftstasjon, fekk koret oppleve naturen i Sirdal og områda rundt. Koret var på Tonstadtippen, og på båttur på Sirdalsvatnet og busstur rundt Øksendalstjødna. Fredagen dro dei oppover i dalen. Første stopp var Sirdal Fjellmuseum der dei hadde folkedans med elevane som hadde slåttedag. Vidare gjekk ferda til Øygardstøl der dei hadde middag. Kvelden blei avslutta med ei fantastisk konsertoppleving i Tjørhom kraftstasjon med Kirsten Bråten Bert, Steinar Ofsdal Annbjørg Lien og Bjørn Ole Rasch.

Laurdagen gjekk turen til Stavanger, der dei mellom anna hadde friluftskonsert i Stavanger sentrum. Siste dag i Sirdal fekk dei oppleve friluftsgudsteneste på Roskrepp kraftstasjon.

Olav Heggdal, Sven-Egil Testad og Steinar Tjomlid guida gjestane rundt.

Bilete frå konserten i Egersund kyrkje finn du her:

Bilete frå fredagen finn du her:

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)