Sirdal Kyrkje
170 feira gudsteneste i fjellet

170 feira gudsteneste i fjellet

Publisert: 25. August 2008
- Gudstenesta på Roskrepp vart ei stor oppleving for oss som var der. Me møttest frå Bykle, Valle , Sirdal, og Kohila i Estland. Gudstenesta var høgtidsam og god! Dette skriv Sven-Egil Testad i ein e-post til oss. Han var mellom dei 170-180 som sundag feira gudsteneste i Roskrepp kraftstasjon.

- Gudstenesta på Roskrepp vart ei stor oppleving for oss som var der. Me møttest frå Bykle, Valle , Sirdal, og Kohila i Estland. Gudstenesta var høgtidsam og god! Korsongen var heilt fantastisk, det ljoma inn gjennom tunnellen og gav vakker atterklang. Nokre av  songarane sa det var den beste "salen" dei hadde sunge i. Røysta til Sigurd , som bar fram bøneropa, var, om mogeleg, endå sterkare og klårare! Folk kosa seg, dei møtte gamle vener over fylkesgrensa og synte klårt at dette gjer oss godt! Dansen og polonaissen etterpå fekk varmen i oss. Dette var sameining i beste tyding av ordet. Takk til alle dei som la ned mykje av fritida si slik at me fekk denne gode kulturopplevinga!
Dette skriv Sven-Egil Testad til oss i ein e-post om si reaksjon på gudstenesta. I år var vêret slik at gudstenesta blei flytta inn i inngongspartiet til kraftstasjonen ved Øyarvatnet. Likevel møtte vel sirdølar og setesdølar opp i flokk og følgje, for å feire gudsteneste i lag med det estiske koret Kapa-Kohila Kammerkoor, som denne uka gjesta Sirdal. Det har blitt ein god tradisjon å ha felles gudsteneste med setesdølane på Roskrepp.

PØR

Her er fleire av bileta vi fekk sendt frå Sven-Egil Testad:

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)