Sirdal Kyrkje
Håpskonsert i dur og moll

Håpskonsert i dur og moll

Publisert: 28. August 2008
Håp i dur og moll er tittelen på årets konsert i Kvævemoen kapell under Sirdalsdagane sundag 7. september kl 11. Sirdal Blandakor har i år med seg solist Ann-Mari Alexis og pianist Oddbjørn Stakkeland.

Sirdal Blandakor hadde også før ferien med seg Oddbjørn Stakkeland og Ann-Mari Alexis på konsert i Tonstad kyrkje. Då var det ein sommerleg konsert. Denne gongen har dei valt å kalle det ein håpskonsert i dur og moll. 

Ann-Mari skal vere solist med koret og ha ein eigen soloavdeling.
På programmet står mellom anna fleire negro spirituals og nokre engelske songar. Sidan denne sundagen er haustens påskedag å rekne, vil mykje av songane stå i håpets teikn.
Koret har vert heldige og fått med seg så duglege og erfarne musikarar som Ann– Mari Alelxis og Oddbjørn Stakkeland. Saman  har dei hatt ei rekke konsertar i Vest-Agder og i Stavanger-området.
Begge har solid og allsidig musikalsk bakgrunn, Ann-Mari blant anna frå Operahøgskolen i Stockholm og Oddbjørn frå Høgskulen i Stavanger og Kristiansand.
PØR

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)