Sirdal Kyrkje
Fornya gudsteneste i kyrkja

Fornya gudsteneste i kyrkja

Publisert: 8. Oktober 2008
Den norske kyrkja er inne i eit stort reformarbeid. Om eit par år skal ny gudstensteliturgi og ny salmebok for kyrkja vere på plass.

Høyringsmateriale for ny gudstenesteliturgi, ny salmebok og ny tekstbok til den norske kyrkje, er no sendt ut til alle kyrkjelydar. Framover vil difor kyrkjegjengarane landet over oppleve nye ledd i gudstenesta.

På den nettstaden til den norske kyrkja: www.kyrkja.no, er alt høyringsmateriale lagt ut.

Ny tekstbok
Den nye tekstboka inneheld tre ulike tekstrekkar. Det betyr at det vil gå tre år før ein møter dei same tekstane. Nytt er også at det er sett opp ei tekst frå Salmane eller andre poetiske tekstar frå Bibelen.

Ny gudstenesteliturgi
Dei ulike delane i gudstenesteframlegget vil vere kjende. Smakebitar frå den nye liturgien, vil bli prøvd ut i gudstenestene framover.

Ny salmebok
Det har noe kome eit nytt salmeboktillegg på 359 salmar som skal prøvast ut. Her finn ein fleire nyskrevne salmar og salmar frå den verdsvide kyrkja. Fleire av salmane er også brukt ein del i ulike samanhengar. I tillegg er det gjort vedtak om å vidareføre mange av dei kjende salmane frå Salmeboka og frå Salmar 97.

Det blir spennande å sjå korleis folk vil ta imot den nye liturgien og framlegget til salmar.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)