Sirdal Kyrkje
Kyrkjevalet hausten 2009

Kyrkjevalet hausten 2009

Publisert: 7. Januar 2009
Måndag 14. september er det kyrkjeval over heile landet. Dette blir arrangert same dag over heile landet, samstundes med Stortingsvalet, opplysar dagleg leiar i Sirdal kyrkjelege fellesråd, Per Øistein Rogstad.

Våren 2008 gjorde alle partia på Stortinget eit historisk forlik om å endre forholdet mellom staten og Den norske kyrkja. Mellom anna skal kyrkja sjølv få velje biskopar og prostar. For at dette skal gjennomførast sette partia ein del krav til kyrkja, mellom anna å gjere kyrkjevala meir tilgjengelege for medlemmene. Partia sa mellom anna at ein burde prøve å ha soknerådsval samstundes med Stortingsvalet, og at kyrkja må ha auka bruk av direkte val til regionale og sentrale organ som bispedømmeråd og Kyrkjemøte. Ordninga har tidlegare vore at sokneråda har valt medlemmene til bispedømmeråd som igjen har hatt sete i Kyrkjemøtet.
Etter at Kyrkjemøte handsama nye valordningar i haust, er det klart at her i Agder og Telemark skal det vere ein kombinasjon av indirekte og direkte val i haust. Alle kyrkjemedlemmene kan vere med å velje tre representantar til bispedømmeråd/kyrkjemøte på valdagen 14. september. Dei resterande fire medlemmene blir valt av sokneråda i bispedømmet. I tillegg har ein prest  og ein lek kyrkjeleg tilsett sete i rådet. Desse blir valt av henholdsvis prestar og fellesrådstilsette i løpet av hausten.
- Målet med endringane i valreglane, er at fleire skal bruke stemmeretten sin ved kyrkjevala. 14. september får vi sjå om ein har lukkast, opplysar kyrkjevergen i Sirdal.


 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)