Sirdal Kyrkje
Klimaaksjonen - SOS frå sør

Klimaaksjonen - SOS frå sør

Publisert: 20. Januar 2009
Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon i 2009 set fokus på fattige menneske i møte med klimaendringane. Tysdag 31. mars vil konfirmantar frå Sirdal kyrkjelyd gå frå dør til dør og samle inn pengar til aksjonen.
- Flaumen i fjor var den største eg kan hugse. Vannet steig her på øya og folk sat på taka og ropte på hjelp. Viss naturkatastrofane blir fleire og sterkare, vil det råke oss hardt, seier Asha frå Bangladesh, ein av mange som ropar SOS, og ber oss ta klimatrugselen på alvor.
Medan vi i den rike delen av verda kan førebyggje og forsikre mot naturens øydeleggingar, står menneske i fattige land i fare for å miste alt når katastrofen råkar.
Difor går pengane frå fasteaksjonen i år blant anna til å gjere fattige i stand til å møte meir ekstremt ver. I flaumutsette område som Bangladesh inneberar det blant anna treplanting, som hindrar at verdifull jord blir vaska bort når flaumen råkar. Dessutan blir hus sikra mot flaum og det blir sette i gang lokale krisegrupper som har ansvar for flaumvarsling og bergingsarbeid når katastrofen skjer.
I Kenya som blir råka av hyppigare tørke, støttar Kirkens Nødhjelp prosjekt som samlar og lagrar regnvatn til tørre periodar. Dessutan dyrkar dei planta jatropha, som trivst i tørre område og som gir biodrivstoff, velegna til straumaggregat og bilar.
Klimaendringar er tvinga stadig høgare opp på dagsorden i den vestlege del av verda, og Kirkens Nødhjelp ynskjer å markere at klimaendringar er et rettferdsspørsmål. Vi som bur i den rike delen av verda bidreg mest til endringane i klimaet og har derfor eit særleg ansvar for å lytte til SOS-ropa frå fattige menneske.
Ta derfor godt i mot bøsseberarane frå Sirdal kyrkjelyd når dei bankar på døra di! Du kan og støtte aksjonen gjennom givartelefon: 820 44 088 (175 kroner) eller via kontonummer 1594 22 87493.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)