Sirdal Kyrkje
Trivelig årsfest

Trivelig årsfest

Publisert: 19. Februar 2009
Sirdal Blandakor var med og satte sitt preg på kyrkjelyden sin årsfest på Tonstad bedehus sundag kveld.

Omlag 50 møtte fram den snøtunge søndagskvelden for å få med seg årsfest i regi av kyrkjelyden. På programmet stod årsmelding og biletkavalkade frå året som ligg bak, og bilete frå ein tur til kristne kyrkjer i Midt-Austen. Sigurd og Lillian Flydal og Hanne og Lars Audun Fodstad var med på ein tur for prester og kyrkjelege tilsette til Syria og Jordan i haust. På festen fekk dei frammøte del i nokre av dei opplevingane dei fekk på turen.
Kyrkja har planar om ny salmebok, og i fjor blei det gitt ut ei bok med 359 nye og til dels eldre salmar som ikkje står i noverande salmebøker. Fire av desse salmar blei presentert på samlinga.
Sigurd Flydal hadde andakt med utgangspunkt i teksta for dagen, på kristi forklåringsdag. Teksta handlar om Jesus og tre av disiplane som gjekk opp på eit høgt fjell. Der fekk dei eit særmerkt syn. Moses og Elia viste seg for dei, og tala med Jesus. Det heila slutta med ei høg røyst frå skya som forkynte kven Jesus var.
Årsfesten heldt fram i kjellaren med eit flott kveldsmåltid og gode kaker, som soknerådet diska opp med.

PØR

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)