Nyheter
12. Mars
12. Februar
22. Desember
|
![]() Fastegudsteneste med skriftemål
Publisert: 27. Februar 2009
Onsdag 11.mars blir det invitert til fastegudsteneste med skriftemål i Tonstad kyrkje.
Det er ein gammal tradisjon i kyrkja å ha gudsteneste på kvardagar i fastetida. ”Kva gjer de kristne når de fastar?” spør folk frå andre religionar. Eitt svar kan vere at vi i denne tida prøver å gi meir plass for alvor, til lesing, ettertanke, til bøn og til omtanke for andre i det nære og lengre unna.
Skriftemålet er ein måte å gi plass til sjølvransaking og til å la Gud lyse med sitt lys i livet. I skriftemålet møter Gud oss med alvor og oppreisning. Når som helst går det an å ta kontakt med prest for samtale og skriftemål. På gudstenesta den 11.mars er det ei felles form for skriftemål som blir nytta. Det blir ei felles syndsvedkjenning medan ein sit i benkane. Ein går så saman fram og knelar ved alterringen og får tilsagt syndsforlating med handspålegging. Det blir og nattverd. SF Kommentarer |
Kilde: www.sirdal.kyrkja.no