Sirdal Kyrkje
Myldregudsteneste for dei minste

Myldregudsteneste for dei minste

Publisert: 27. Februar 2009
Sundag 15. mars kl. 16.00 arrangerar undervisningsutvalet myldregudsteneste for born i Tonstad kyrkje.


I desse dagar mottek born i mellom frå 4-6 år i Sirdal invitasjon til å kome på myldregudsteneste. Fyrste gong det blei arrangert ei slik samling var i fjor. Noko av det som skal skje på myldregudstenesta er at det skal vere vandring rundt om i kyrkjerommet med forskjellige stasjonar. Dåpspåminning, matstasjon, bøn og kollekt. Dette skal vere ei påminning om den dåpen som foreldra bar bornet sitt til. På matstasjonen blir det servering av kjeks og saft. Å be med og for bornet er ein god ting. På myldregudstenesta kan borna vere med å be for familien sin ved å bruke bønelappar med illustrasjonsbilete. Den fjerde stasjonen er kollekt. Her kan borna vere med å gje ei gåve til born og andre menneske som er utsett for klimakatastrofar.
Tema for samlinga er ”Å dele”. Dagny Irene Tonstad skal halde andakt, og barnekoret skal delta med song. Dei skal også vere med å leie fellessongane.
- Me gler oss til samlinga, og vonar mange kjem. Ta gjerne med dykk heile familien og hugs å spørje faddarar også om å vera med, lyder oppmodinga frå undervisning– og konfirmantutvalet. 

PSK

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)