Nyheter
12. Mars
12. Februar
22. Desember
|
![]() Borna myldra i kyrkja
Publisert: 16. Mars 2009
Borna myldra frå stasjon til stasjon i Tonstad kyrkje sundag ettermiddag. Den eine stasjonen var dåpspåminning (bilete). Alle 4-6 åringar i Sirdal var spesielt inviterte til myldregudstenesta.
Borna kom i fylgje med sine føresette, faddarar og besteforeldre til myldregudstenesta, den andre i historien i Sirdal sokn. I fjor på same tida blei det arrangert myldregudsteneste for fyrste gong. Også denne gongen var det undervisningsutvalet som inviterte til denne samlinga. - Dette er alle sitt hus, sa sogneprest Sigurd Flydal i velkomstorda sine. Barnekoret framførte songar frå "Skapelsen", og dei brukte heile kroppen til å illustrera kva dei song om. Dei leia også allsongen som var i kyrkja denne ettermiddagen. Alle mann på dekk, Den store skatten og Om jeg er liten eller stor stod på programmet. Dagny Irene Tonstad hadde andakt og ved bruk av flanellograf fortalde ho om Sakkeus. Hovedposten var sjølve myldringa. Borna kunne myldre til 5 stasjonar. Dei kunne gå innom dåpspåminninga, bøn, kollekt og to matstasjonar. Borna hadde blitt oppmoda i brevet til å ha med seg pengar som dei kunne gje til Kirkens Nødhjelp. Ei stor fastebøsse stod ved alteret, og borna gjekk rundt alteret for å putte pengar på bøssa. Tema for gudstenesta var Å dele. Då gudstenesta var slutt kunne dei som ville ta med seg ei lita lilla fastebøsse med seg heim. Den kan dei putte på pengar på og samle opp til fasteaksjonen som går av stabelen tysdag 31. mars. Då kjem konfirmantane og andre bøsseberarar rundt til alle husstander og samler inn penger til Kirkens Nødhjelp. Under myldregudstenesta blei det samla inn over 2000 kroner. Tusen takk for gaven, og tusen takk til alle som hadde høve til å kome! Bilete frå myldregudstenesta 15. mars 2009 (foto: Per S. Kvinlaug)
Kommentarer |
Kilde: www.sirdal.kyrkja.no