Sirdal Kyrkje
Klimaaksjon i fastetida

Klimaaksjon i fastetida

Publisert: 25. Mars 2009
Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon i 2009 set fokus på fattige menneske i møte med klimaendringane. Tysdag 31. mars vil konfirmantar frå Sirdal kyrkjelyd gå frå dør til dør og samle inn pengar til aksjonen.

Midt i Brasils tørraste og brunaste område, heilt nordaust i landet, finst ein grøn oase. På garden til Alines familie har dei ein skatt som sikrar dei vatn sjølv i tørketida.

Aline (18) bur saman med broren Hamilton (15) og foreldra på ein liten gard i delstaten Pernambuco i Nordaust-Brasil. Området dei bur i  vert kalla ”Den store tørke”. Og det med god grunn. I dei lange, tørre sommarmånadane er landskapet brunsvidd og knusktørt. Dei siste åra har tørka blitt endå verre på grunn av klimaendringane. Men garden til Alines familie er frodig og grøn. Like utanfor husveggen har dei nemleg ei vatncisterne som hjelpar dei å klare seg gjennom tørketida. - For meg er denne cisterna ein skatt, seier litlebror Hamilton med eit stort smil. Familien har fått støtte til å byggje cisterna gjennom Kirkens Nødhjelps lokale partnarorganisasjon, Diaconia.
Det er verdas fattige som vert hardast ramma av klimaendringane. Cisterna og andre vatnsamlingssystem kan sikre folk det vatnet dei treng, og det blir mogleg å drive jordbruk sjølv i tørre område.  Likevel er Aline og Hamilton bekymra for framtida.
- Eg er redd det skal verte endå meir vanskeleg å drive med jordbruk dersom klimaendringane fortsetter. Vår største frykt er at vi mistar alt vi har her på garden, seier Aline.
Gjennom å støtte Kirkens Nødhjelps fasteaksjon, kan du hjelpe menneske så dei kan stå sterkare når tørkeperiodane blir stadig meir ekstreme.  På tysdag voner vi at heile Sirdal kyrkjelyd blir med på å kjempe mot klimaendringane!
undefined

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)