Sirdal Kyrkje
Fasteaksjonen: Skulegudsteneste med fokus på Bangladesh

Fasteaksjonen: Skulegudsteneste med fokus på Bangladesh

Publisert: 27. Mars 2009
1.-7.klasse på Tonstad skule er alltid godt førebudd med sine innslag under skulegudstenestene. Nokre av dei hadde denne gongen lest om eit av landa som er i hovedfokus under årets fasteaksjon til Kirkens Nødhjelp, nemleg Bangladesh. I føremiddag var elevane samla i Tonstad kyrkje.

4. klassingane hadde førebudd seg godt til innslaget sitt. Elevane delte faktaopplysningar om Bangladesh, og hadde laga eit flott flagg som dei bar inn i prosesjonen. Også fastebøssa som skal brukast under dør-til-dør-aksjonen var med inn i prosesjonen. Bangladesh opplev mykje flaumar som øydelegg heimar og tek menneskeliv.
Eigentleg skulle det ha vore besøk av Roald Guttormsen som er regionskonsulent for Kirkens Nødhjelp i Agder og Telemark, men han måtte melde avbud. I staden var det Per Sverre Kvinlaug i den lokale KN-komiteen som hadde andakt og informerte om fasteaksjonen, samt viste barnefilmen som er laga i samband med aksjonen. - På tysdag kan alle som er her inne vera med å hjelpa dei som treng hjelp. Då kjem det konfirmantar og andre bøsseberarar rundt til kvart hus her og spør om pengegåver til dette arbeidet som Kirkens Nødhjelp mellom anna driv i Bangladesh. Det er ein fin måte å vere med å hjelpe til på, avslutta han.
2 elevar på mellomtrinnet las bibelteksta frå Matteus 25, 35-40. To elevar frå 2. klasse tende lys under forbøna som var songen Kjære Gud vi ber om nåde. Som vanleg var det kjempegod allsong og mange av dei kjende påskesongane blei sunget.

BILETE

psk

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)