Sirdal Kyrkje
Påskefest i Tonstad og Lunde

Påskefest i Tonstad og Lunde

Publisert: 27. April 2009
Sundag 26. april var det påskefest i både Tonstad og Lunde kyrkje. 4-åringane var spesielt inviterte for å få "mi eiga kyrkjebok" og begge stadane hadde vi besøk av eit barnekor.

Sundag 26. april var det påskefest i både Tonstad og Lunde kyrkje. 4-åringane var spesielt inviterte for å få "mi eiga kyrkjebok" og begge stadane hadde vi besøk av barnekor. På Tonstad var Tonstad barnekor med, mens Sing Bell var med i Lunde kyrkje. Det vart to flotte gudstenester!

På Tonstad var det langt over 100 menneske tilstades og dei kunne oppleva ei livleg og musikkfylt gudsteneste. Med blomsterprosesjon vart det pynta opp i kyrkja. Det vart òg pynta med fine sommarfuglar som mange av 4-åringane hadde teke med seg. Tove fortalde om at sommarfuglen kunne vera eit bilete på Jesu oppstode. Før sommarfuglen vert sommarfugl har den nemeleg vore ein larve inni ein puppe. Jesus låg inne i grava, men vart levande igjen tredje dagen! Vi fekk óg høyre om at Jesus er som ein god gjetar som alltid passar på oss. Det vart ein livleg utdeling med mange herlige 4-åringar! Gudstenesta vart avslutta med deilig kyrkjekaffe på utsida.

På Lunde var det óg godt oppmøte. Barnekoret var litt mindre i antall, men sang på for full hals og imponerte oss stort. Vi hadde besøk av ein fire-åring som hadde laga ein flott sommarfugl og som fekk kyrkjeboka si. Her vart det muffens til slutt til glede for både liten og stor.

Tove L. Helle

Bilder frå gudstenestene:

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)