Sirdal Kyrkje
Himmelfartsdag på fjellet

Himmelfartsdag på fjellet

Publisert: 22. Mai 2009
50 sirdølar og kvindølar feira Kristi Himmelfartsdag på Stedjefjell på Krågeland. Turen blei arrangert av Kvinesdal historielag og kyrkjelydane i Sirdal og Kvinesdal.

Sokneprest Sigurd Flydal og organist Oddbjørn Stakkeland leia an på gudstenestesamlinga på toppen av Stedjefjellet. Det er første gongen at Sirdal var med å arrangere tur denne dagen. I mange år har Kvinesdal historielag og Kvinesdal menighet gått saman om ein tur denne dagen.
På førehand var arrangørane spente på kor mange som vil ta ut, så lenge vêrutsiktane var såpass dårlege for dagen. Like før turstart var mykje regn. Under vegs heldt det opp, og kun mot slutten av turen kom det nokre få regndråpar. Under gudstenesta på toppen var det litt vind, men elles fint.
Naturlos Turid Stakkeland fortalde om alle kvernhusa i Krågeåna før avmarsj. Øvst står kvernhuset som tilhøyrar gardane på Krågeland. Dette blei sett i satt stand for nokre år sidan av iherdige hytteeigarar i området.
Mot toppen av Stedjefjellet var det to ruter å velje mellom. Dei fleste valte den enklaste og lengste ruta. Den gjekk først austover opp gjennom skogen før ein svingt tilbake og gjekk mot toppen. Dei tøffare valte ruta som følgje rett opp skaret mot toppen. Dei som gjekk lengst blei møtt med vakre trompettonar frå Oddbjørn Stakkeland. Mellom anna spelte han Kvinesdalsongen til ære for dei frammøtte sirdølane. For nokre år sidan blei den kåra til Noregs vakraste bygdesong av ”Nitimen” sine lyttarar.
Etter ein rast med mat og kaffi var det tid for gudsteneste på toppen av Stedjefjellet. Trompeten til Oddbjørn Stakkeland sette ein ekstra spiss på stunda. Musikken og allsongen tonte utover fjellandskapet på Krågeland. Sigurd Flydal talte over teksta for dagen med Kristi himmelfart. Han tok utgangspunktet i fjellet, og den opplevinga mange har av å vere nærmare Gud på fjellet. Ei oppleving som det kan lagast vitsar om, men likefull er ekte nok.
- På fjellet er ein nærare naturen og naturkreftane, sa Flydal. Han understreka at Kristi himmelfartsdag er ein dag som både peiker bakover mot 1. påskedag Jesu oppståa og framover mot pinsa og løftet om Den Heilage Ande.
Andaktsstunda blei avslutta med å synge ”Herre Gud, ditt dyre namn og ære” med trompetakkompagnetment.
Så gjekk turen nedover att. Nokre valte raskaste veg tilbake til bilane sine. Dei fleste valte å følgje naturlosen ned på andre sida av fjellet. Etter kvart kom ein ned til ein skogsveg som ein følgde vidare mot Selandsdalen. Der stor ”Selandsgubben” og helste vandrarane velkomne. ”Selandsgubben”  er eit meir enn tre meter høgt steinmonument reist av grunneigar Aril Magne Stakkeland. Turen enda nede ved Kleive, som ligg midt i mellom Krågeland og Stakkeland. Turen gjekk i eit flott terreng og gav mange inntrykk.
Turid Stakkeland fortalte historier undervegs. Sven-Egil Testad frå Sirdal kunne supplere ho med eit gamalt sagn frå Stedjefjellet, som er meir kjent i Sirdal enn i Fjotland. I følgje sagnet var det ein hest som blei jaga oppover det glattskurte berge av ein bjørn. Midt i det brattaste sklei bjørnen og ramla til botnen og slå seg i hel.
Kanskje kan det bli fleire turar felles for kvindølar og sirdølar?
pør

Her er bilete frå turen

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)