Sirdal Kyrkje
Kyrkjevalet 2009

Kyrkjevalet 2009

Publisert: 29. Juni 2009
Alle kyrkjemedlemmer over 15 år får i år tilsendt eige valkort for kyrkjevalet 14. september. Dersom du ikkje får tilsendt valkort for dei kyrkjelege vala innan 15. august, og du meiner du burde ha fått det, så ta kontakt med Kyrkjesenteret.

Kyrkjevalet skal i år vere same dagen som Stortingsvalet. Dette skuldast kyrkjeforliket på Storinget våren 2008. Då vedtok alle partia på Stortinget at det skulle gjennomførast ein demokratireform i kyrkja. Eit av kriteria var å auke deltakinga ved kyrkjevala og gjere det lettare å bruke røysteretten. I år vil valet arrangerast i nærleiken av Storingsvalet. I Sirdal vil det vere vallokale på Sinnes skule, Omlid bedehus, Øksendal skule og Kyrkjesenteret på Tonstad. Det er også mogleg å førehandsrøyste frå tysdag 11. august på Kyrkjesenteret.
Denne gongen skal alle kyrkjemedlemmer i Agder og Telemark bispedømme, få vere med å velje tre representantar til kyrkjemøte/bispedømmeråd i tillegg til det lokale soknerådet. Kandidatane til soknerådsvalet finn du her. Her kjem lista til bispedømmerådsvalet (alfabetisk liste):

Øyvind Benestad, Kristiansand, 55 år
Ole Johnny Dahle, Skien,  66 år
Harald Holt, Arendal, 59 år
Hilde Igland, Grimstad 42 år
Petter Jakobsen, Notodden, 25 år
Karen Junker, Arendal, 57 år
Sissel Annette Martinsen, Farsund,  37 år
Solveig Abelone Midtgarden, Fyresdal, 46 år
Eivind Nilsen, Kristiansand, 24 år
Kristina Bjerkeng Nilsen, Grimstad, 20 år
Ingebjørg Nordbø, Nissedal, 22  år
Arild Olsbu, Arendal, 58 år
Jan Olav Olsen, Gjerstad, 58 år
Kari Omland, Skien, 61 år
Terje Opsahl, Kvinesdal, 20 år
Martin Stærk, Sauherad, 35 år
Eva Tokheim, Bamle, 56 år
Olaug Torset, Kristiansand, 60 år
Kristian Tønnesøl, Grimstad, 29 år
Ivar Vegge, Mandal, 44 år
Markus Westermoen, Kristiansand, 35 år

Prestene og dei andre kyrkjelege tilsette i Agder og Telemark skal velje ein representant kvar til bispedømmeråd/kyrkjemøte. Dei kan velje mellom desse kandidatatane:

Prestekandidatar
Hjalmar Bjerga, Arendal prosti
Morten Edvardsen, Skien prosti
Frode Granerud, Aust Telemark prosti
Stein Reinertsen, Lister prosti
Kathrine Tallaksen Skjerdal, Vest Nedenes 

Kandidatar for dei andre kyrkjeleg tilsette
Geir Ivar Bjerkestrand, organist
Per Øistein Rogstad, kirkeverge
Reidar Sløgedal, organist
Ivar Solbu, diakon
Anne Tempelen, kateket

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)