Sirdal Kyrkje
Reidun Sirnes tek over leiarvervet

Reidun Sirnes tek over leiarvervet

Publisert: 8. November 2009 av Per Sverre Kvinlaug
Reidun Sirnes (t.v) er valgt til ny leiar i Sirdal sokneråd. Ho blei valt då det nye soknerådet hadde sitt første møte på torsdag 29. oktober. Sirnes overtar vervet etter Aud Ingrid Fidjeland, som har leia rådet i mange år.

Det nya og det gamle soknerådet hadde si overlapping i sist veke. Då var begge råda samla på Tonstadli ungdomssenter. Det første det nye rådet gjorde var å velje sin nye leiar og nestleiar. Inger Johanne Ousdal blir ny nestleiar i soknerådet.
Reidun Sirnes (67) er pensjonist og bur saman med sin mann, Kjell, på Skogestad. Ho har i mange år vore lærar på ei barneskule i Flekkefjord. Ho har også vore lærar på Øksendal skule. Etter det vi kjenner til er ho ei aktiv dame innan sjømannsmisjonsforeininga i Flekkefjord. Lokalt har me sett henne fleire gongar som songar i Sirdal blandakor og som tekstlesar. Og skulle det vere nokon som ikkje visste det, så er ho mor til den nytilsette prosten i Lister, Hilde Sirnes. Vi ynskjer Reidun og resten av soknerådet lukke til i tenesta og takkar det forrige rådet for jobben, ein spesiell takk til leiar Aud Ingrid Fidjeland.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)