Sirdal Kyrkje
Kjekt på konfirmantleir

Kjekt på konfirmantleir

Publisert: 15. November 2009 av Per Sverre
I helga var det konfirmantleir på Gautestad på Evje. 21 konfirmantar var med og samtlege deltok aktivt under heile leiren. Det var utruleg kjekt for oss leiarar og vere saman med dei denne helga!



Foto: Per S. K

Både konfirmantar og leiarar gleda seg til leiren på Gautestad. Som vanleg reiser konfirmantane i Sirdal på tur ei gong i året. Dei siste åra har det vore i november dei har teke turen til Evje. På Gautestad blei vi godt teke i mot og vertskapet er heilt fantastiske! Tusen takk til dykk!
Fredag kvelden starta med eit godt kveldsmåltid. Deretter blei det vist ein film om kjærleik som vi samtale om.
Laurdagen gjekk det slag i slag med program. På føremiddagen var det undervisning. Sigurd og Per Sverre underviste over fylgjande tema:
Gud, Kven er eg? og Gud og det vonde. Konfirmantane jobba med ulike oppgåver knytt til dette og deltok på ein flott måte. På ettermiddagen tok vi turen til Bowlinghallen. Også her er vertskapet eineståande. Her fekk me testa kor gode vi var yil å bowle og hadde ein pause med god pizza. Om kvelden hadde vi trusvandring. Kvar konfirmant fekk bind for augo og ble leia fram til kvar enkelt post av leiarane. Vi var innom ein lavo og endestasjonen var inne i fellesrommet. Her fekk dei kvart sitt levande lys og dei mottok velsigninga. Før kveldsmaten var det nokre som hoppa uti stampane som var fyrt opp utandørs. Her rulla dei seg i snøen og satte seg ned i 40 graders varmt vatn. Kvelden blei avslutta med underhaldning. Tone-Karin, Siv Olaug og Alex hadde snekra saman eit flott program saman med konfirmantane og humøret var på topp. Sundagen var det undervisning og gudsteneste før ein avslutta leiren med eit godt lunsjmåltid. Takk for turen, alle saman! Spesielt takk til leiarane: Alex, Kenneth, Tone-Karin, Siv Olaug, Per Sveinung og Birgitte.

NOKRE BILETE FRÅ LEIREN (resten blir å sjå på konfirmantfesten til våren:-)

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)