Sirdal Kyrkje
- Det nyttar verkeleg!

- Det nyttar verkeleg!

Publisert: 27. Januar 2010 av Per Sverre
Ei haustnatt i 2007 vart familien Tran i Vietnam vekt av at vatnet berre steig og steig inne i huset deira.

Mamma Tran Thi Thu Thuy, pappa Tran Viet Dung og dei fem barna deira måtte flykte frå heimen sin i hui og hast. Faren i familien tenkte berre på éin ting: Å redde barna sine. Han kom seg ut i vatnet og førte familien til ein trygg stad, ut av huset og til eit område som ligg høgare.
Familien Tran overlevde, men heimen deira vart øydelagd og dei mista mange av eigedelane sine. I to månader, medan dei venta på at vatnet skulle søkke igjen, måtte dei bu i eit skur av plast og bambus. Mat, reint vatn og helsa til barna vart noko dei måtte uroe seg for i det daglege.
Som éin av mange familiar i nærområdet har familien Tran fått stønad av Kirkens Nødhjelp til å byggje nytt og flaumsikkert hus i mur og betong. I stova er det ein hems i taket. Her kan familien lagre matvarer, og når vatnet stig på ny, er vegen kort til ein trygg stad.

Fasteaksjonen, tysdag 23. mars, set søkjelyset på den utsette stillinga til fattige menneske i møte med flaum, tørke og ekstremvêr.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)