Sirdal Kyrkje
Klart for myldring i Tonstad kyrkje

Klart for myldring i Tonstad kyrkje

Publisert: 1. Mars 2010 av Per Sverre Kvinlaug
Born frå 4-6 år i gamle Tonstad sokn har nyleg fått innbyding til myldring i Tonstad kyrkje. Heile familien er velkomen til myldregudstenesta komande sundag kl. 16.00.

Det er tredje gongen at konfirmant– og undervisningsutvalet arrangerar myldregudsteneste i Tonstad kyrkje. Utvalet har fått veldig fine tilbakemeldingar på desse samlingane og har lyst til å fortsette med desse framover. Borna kjem i fylgje med sine føresette, fadrar og besteforeldre til myldregudsteneste. Her kan dei blant anna myldre mellom 5 stasjonar. Dåpspåminning, bøn, kollekt og to matstasjonar. Også denne gongen blir barnekoret med og syng. Dei skal også vere med å lede allsongen. Ann-Karin Sele skal ha ein andakt. Tema for denne samlinga er ”Bornas ven”.
Då sokneprest Sigurd Flydal opna samlinga i fjor sa han: - Dette er alle sitt hus. Slik ønskjer vi det skal vere, at både unge og eldre skal kjenne at dei høyrer til. Borna blir oppmoda til å ha
med seg pengar som dei kan dele/gje til Kirkens Nødhjelp. Ei stor fastebøsse kjem til å vere plassert ved alteret, og meininga er at borna skal kunne gå rundt alteret for å putte pengar på bøssa. Etter gudstenesta kan dei som vil ta med seg ei lita lilla fastebøsse heim. Den kan dei putte på pengar på og samle opp til fasteaksjonen som går av stabelen tysdag 23. mars. Under myldregudstenesta i fjor blei det samla inn over 2000 kroner. I år kjem me også til å ha ei overrassking til borna som kjem! I Øvre Sirdal vil det bli eit liknande opplegg i Lunde kyrkje 11. april.

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)