Sirdal Kyrkje
Fastetid er aksjonstid

Fastetid er aksjonstid

Publisert: 16. Mars 2010 av Per Sverre
- Fastetida er vår aksjonstid i kyrkja. Eg oppfordrar difor alle til å støtte Kirkens Nødhjelps fasteaksjon ved å ta godt i mot bøsseberarane. Oppmodinga kjem frå Biskopen i Agder og Telemark Bispedømme, Olav Skjeveland. Bilete er frå visitasen i Sirdal i 2003, då han blant anna besøkte Tonstad barnehage.

Biskopen har sendt oss fylgjande brev (utdrag):
Bibelens bodskap om faste utfordrar oss til å omsetja tankar og ord til faktisk handling, og gjennom engasjementet vårt og bidrag til Kirkens Nødhjelps fasteaksjon kan vi verkeleggjere Guds ord. I Jes. 58, 6-10 står det at vi i fasta skal løysa dei som med utrett er bundne, dele vårt brød med dei som svelt og la heimlause koma i hus.

Eg deltok under klimatoppmøte i København i desember, og møtte mange menneske frå fattige land som bed oss om å sjå at klimaendringar går mest utover dei som har minst, og vil føra til endå meir fattigdom. Gjennom Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2010 blir vi oppfordra til å stilla opp for dei menneska som stadig hyppigare blir ramma av flaum, tørke og ekstreme vêrforhold, skriv Biskopen i brevet som er sendt til alle kyrkjelydane i bispedømmet.

TYSDAG 23. MARS KJEM BØSSEBERARANE PÅ DI DØR! TA VEL I MOT DEI!

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)