Sirdal Kyrkje
Eittåringar frå Kirkens Nødhjelp til Sirdal

Eittåringar frå Kirkens Nødhjelp til Sirdal

Publisert: 8. Mars 2010 av Per Sverre
Torsdag 18. mars kjem 4 "eittåringar" i Kirkens Nødhjelp til Sirdal. Dei kjem for å fortelje skuleborn, bøsseberarar og andre om Kirkens Nødhjelp-aksjonen. Dei skal delta på ei skulegudsteneste for 1.-7. klasse som skal vere i Tonstad kyrkje på dagtid. Om ettermiddagen møter dei konfirmantar og føresette.

 

Vi får besøk av Raymond Kasoga (23), Mattias Bergset (19), Mireille Jacques (19), Hanne Sofie Lindahl (19). Raymond er fra Dar es Salaam i Tanzania og resten av dei er frå Noreg.
Vi er kirkens nødhjelps ettåringer og programmet vårt heter Communication for Change. Dette er det utvekslingsprogram med 15 norske deltagere og 12 internasjonale deltagere. Vi norske var 4 måneder på et opphold i et av kirkens nødhjelps partnerland i høst, og i vår har de internasjonale deltagerne kommet til Norge. Vi ønsker å dele våre erfaringer med dere og fokuset kommer til å være på klimaforandringer. Vi gleder oss til å møte dere!”.

 
I år er land som er råka av naturkatastrofar som fylgje av klimaendringane i fokus. Mange menneske opplev sine heimar øydelagde på grunn av flaum. Andre stadar er tørke eit stort problem. Desse menneske som lever under slike forhold treng vår hjelp.
Sjølve aksjonsdagen er tysdag 23. mars. Då får du besøk på di dør av ein bøsseberar. Her i Sirdal er det stort sett konfirmantar som går med bøsse, men også andre hjelp til for å dekkje alle rodene. Ta vel i mot dei! På førehand takk for ditt bidrag!
 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)