Sirdal Kyrkje
Margun Risa i Tonstad kyrkje

Margun Risa i Tonstad kyrkje

Publisert: 8. Mars 2010 av Per Øistein
Mezzosopranen Margun Risa frå Moi har konsert i Tonstad kyrkje laurdag 13. mars kl 19.30 saman med organist Hanne Fodstad. Dei skal framføre musikk av m.a. Bach, Händel, Mendelsohn og Shubert.

Margun Risa er opprinneleg frå Stavanger, men er no busett på Moi. Ho har 3-årig songstudium ved Rogaland Musikk konservatorium. I tillegg har ho studert song i Paris og Roma, og elles hos songpedagogane Anne Brown og Marit Isene i Oslo, og hos professor Peer Birch i Århus, Danmark. Frå våren 2004 har ho tatt songtimar hos operasongar Tor Gilje i Stavanger. Det er ei erfaren og velstudert songar som har konsert på Tonstad.

Til dagleg arbeidar ho i Lund Musikk- og kulturskule. Ho er også dirigent for Lund bygdekor..

På konserten på Tonstad skal ho framføre musikk av Bach, Händel, Mendelsohn, Schubert m.fl. Ho blir akkompagnert av organist Hanne Fodstad på orgel og piano.

I staden for inngongspengar, blir det  tatt opp ein kollekt til dekking av utgiftene. Organist Hanne Fodstad lover også at det blir ein enkel servering ved konserten.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)