Sirdal Kyrkje
Årsfest i kyrkjelyden

Årsfest i kyrkjelyden

Publisert: 15. Mars 2010
Sundag kveld var det årsfest for Sirdal kyrkjelyd på Tonstad bedehus. Sirdal ungdomskor song og prost Hilde Sirnes utfordra kyrkjelyden på korleis ein ser for seg kyrkjelydsarbeidet.

Vel 50 frammøtte deltok på årsfesten til Sirdal kyrkjelyd som blei arrangert på Tonstad bedehus sundag kveld. På programmet stod også presentasjon av årsmelding, billedkavalkade over året som ligg bak og Sirdals Quiz.

Sirdal ungdomskor var litt ampurte denne kvelden, men dei åtte songarane som var til stades gleda forsamlinga med vakker song. Prost i Lister, Hilde Sirnes, var kveldens hovudtalar. Ho gav ros for alt det flotte arbeidet som skjer i Sirdal, men utfordra kyrkjelyden til å tenke over kva ein ønskjer å prioritere framover. Korleis skal kyrkjelyden kunne vere relevant for nye grupper? Dette er utfordringar som kyrkjelyden må arbeide vidare med i tida framover.

Kvelden blei avslutta med kveldsmat i bedehuskjellaren.

Her er fleire bilete av ungdomskoret:

PØR

 

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)