Sirdal Kyrkje
Imponert over songen på skulegudstenesta

Imponert over songen på skulegudstenesta

Publisert: 18. Mars 2010 av Per Sverre
Dei 4 eittåringane frå Kirkens Nødhjelp skryt av elevane på Tonstad skule for deira bidrag på skulegudstenesta i dag. -Det var mellom anna flott å høyre dei fortelje om Kenya som er eit av landa KN har fokus på i fasteaksjonen.

Eittåringane fortel begeistra om opplevinga dei hadde under skulegudstenesta i Tonstad kyrkje tidlegare i dag. - Det var også imponerande å høyre taket i kyrkja løfte seg av den flotte songen. Elevane verka óg kjempeinteressert i å høyre kva vi hadde på hjartet. Raymond Kasoga (23), Mattias Rolighed Bergset (19), Mireille Jacques (19) og Hanne Sofie Lindahl (19) gjestar Sirdal i dag. Dei fortalde sterke historier om menneske i land som Kenya og Tanzania og om dei utfordringar kvardagen byr på. Både flaum og tørke er eit stort problem på grunn av klimaendringane.

Under gudstenesta i dag viste Raymond Kasoga elevane korleis ein kan hoppe som Maasai-folket. To av elevane fekk koma fram og hoppa saman med han. Kasoga kjem frå Tanzania og fortalde om korleis det var å sitje på ryggen til mora då dei måtte gå langt for å hente vatn.

Ruth Juliane i åttandeklasse song. 3. klassingane hadde laga flotte flagg dei bar fram i prosesjon. 4. klassingane hadde presentasjon av landet Kenya og nokre andre deltok med lystenning under forbøna. To av elevane på ungdomstrinnet las dikt.

På tysdag kan du vere med å gje ditt bidrag til Kirkens Nødhjelp-aksjonen. - Det nytter å hjelpe. Vi har sett nokre av dei prosjekta som vi samlar inn pengar til og sett at dei fungerar, lyd oppmodinga til dei fire eittåringane. No i ettermiddag skal dei møte konfirmantane og føresette og andre bøsseberarar. Informasjonsmøtet skal vere i Lunde kyrkje.

Sjå bilete frå skulegudstenesta og informasjonsmøte i Lunde kyrkje

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)