Sirdal Kyrkje
Over 43 tusen til Kirkens Nødhjelp-aksjonen

Over 43 tusen til Kirkens Nødhjelp-aksjonen

Publisert: 23. Mars 2010 av Per Sverre
Det blei i dag samla inn 43537,50 i samband med Kirkens Nødhjelp-aksjonen. Også i år har sirdølane vist ein stor gjevarglede, seier Sven-Egil Testad i KN-komiteen.

Resultatet er veldig bra. Det er litt over resultatet i fjor. Det er me utrulege takksame for, og me takkar både bøsseberarane og folk som støtta aksjonen.
Pengane som er samla inn går til tiltak for fattige som alltid blir hardast råka av naturkatastrofar. Ved flaum brukar KN pengane til førstehjelpssett til bruk i redningsarbeid, og dei sørgjer for megafonar til varsling, slik at folk kan redde seg unna. I område med mykje tørke blir det planta tre for å halde på fukta i jorda, slik at avlingane til bøndene ikkje visnar og døyr.

Kirkens Nødhjelp brukar dei innsamla midlane på ein ansvarleg måte, og lite går til administrasjon. Ein liten del må KN likevel bruke for å sikre at det er dei gode prosjekta som blir valde og gjennomførte, og at pengane kjem dit dei skal.
I samband med KN-aksjonen vert det og teken opp kollekt ved gudstenester i Sirdal. Komande sundag er det offer til KN under familiegudstenesta i Tonstad kyrkje. Under Myldregudstenesta i Tonstad kyrkje tidlegare denne månaden kom det inn over 2000 kroner.
Tusen takk til de alle som støtta Kirkens Nødhjelp-aksjonen!
Med helsing for den lokale KN-komiteen
Sven-Egil Testad og
Per Sverre Kvinlaug

Kommentarer

 
25. Mars skrev Hanne Sofie Lindahl, CFC :
Imponerende resultat. Hurra for dere og spesielt konfirmantene. :)
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)