Sirdal Kyrkje
Sprell Levande på Eliastunet

Sprell Levande på Eliastunet

Publisert: 4. Mai 2010 av Per Sverre
Sundag innbyr Syskenringen i Sirdal til familiesamlinga Sprell Levande på Eliastunet.

Arrangementet Sprell Levende blei i fjor ble så vellukka at vi hadde lyst til å prøve igjen, smiler leiar for arrangementkomiteen, Ruth Lillian Hompland. Saman med ei rekke friviljuge, gjer dei no klart til å ta i mot familiar på Eliastunet sundag ettermiddag kl.14.00.
I fjor var det 170 mennesker samla og over 50 familiar fekk med seg ein gratis sommer-cd, utgjeven av Søndagsskoleforbundet. Også denne gongen vil familiar få ei gåve. Det er ein dvd som heiter Tårnagentene, også den står Søndagsskoleforbundet bak. Forøvrig skal Søndagsskolen lage ti episoder av ”Tårnagentene” til Julemorgen 2010 for NRK.
- Denne DVD` en er eit pilotprogram og Søndagsskolen oppfordrar til å støtte dette Barne-TV-prosjektet, opplysar Hompland.
Det blir mykje song og musikk i Tonstad sentrum denne ettermiddagen. Duoen Ruth Juliane Kydland og Ane Bendikte Haughom skal, som i fjor, delta med song. Marielle Seline, Sing Bell, Cantarellene og Tonstad barnekor deltar, og guttene Daniel og Sindre Tjørhom skal spille gitar og trommer. Sylvi Kyllingstad skal holde ein andakt.
- Vi har lagt opp til at folk tek med seg grillmat og drikke, så ordnar vi grill. Det blir gratis is og ballongar.Vi har fått låne Søndagsskolehengeren, og den inneheld ein stor hoppemadrass og andre leikar for borna, legg Ruth Lillian Hompland til, som saman med Ann Karin Sele, har hatt eit hovudansvar for planlegginga av dette arrangementet.       
    

PSK
 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)