Sirdal Kyrkje
Sprell levande samling på Eliastunet

Sprell levande samling på Eliastunet

Publisert: 10. Mai 2010 av Per Øistein
Sundag var det klart for ny samling på Eliastunet under namnet Sprell levande. Barna stod i sentrum denne dagen. Andakt, hoppslott, barnekor og musikalske innslag av barn og unge stod på programmet.

- Omlag 200 menneske hadde ei flott samling i sola og vinden. Fin underhaldning med allsong og solosong og musikk. Ein god andakt som vart formmidla via dokka " Frank".Dette nådde verkeleg fram til alle, og ikkje minst til borna. Takk til andaktshaldar Sylvi Kyllingstad, og til Syskenringen for den rike samlinga, dette skriv Sven-Egil Testad til oss i eit e-brev med bilete frå samlinga på Eliastunet 9. mai.

Det var andre gong syskenringen i Sirdal inviterte til ei slik samling. Oppmøtet var endå betre enn i fjor, då var omlag 170 menneske samla på Eliastunet og over 50 familiar fekk med seg ein gratis sommer-cd, utgjeven av Søndagsskoleforbundet. Også denne gongen vil fekk familiane med seg e gåve. Det er ein dvd som heiter Tårnagentene, også den står Søndagsskoleforbundet bak.  Søndagsskolen skal lage ti episoder av ”Tårnagentene” til Julemorgen 2010 for NRK.
- Denne DVD`en er eit pilotprogram og Søndagsskolen oppfordrar til å støtte dette Barne-TV-prosjektet, opplysar Ruth Lillian Hompland.
Det var mykje song og musikk i Tonstad sentrum denne ettermiddagen. Duoen Ruth Juliane Kydland og Ane Bendikte Haughom deltok som i fjor med song. Marielle Seline, Sing Bell, Cantarellene og Tonstad barnekor var også med, og guttene Daniel og Sindre Tjørhom skal spille gitar og trommer.
Folk hadde med seg grillmat og drikke, og arrangøren sørgja for grill.

Her er bilete frå samlinga som Sven-Egil Testad og Anne Grethe Josdal har tatt:

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)