Sirdal Kyrkje
Tonstadli 50 år

Tonstadli 50 år

Publisert: 30. Mai 2010
Sundag 6. juni markerar Tonstad ferie-,kurs- og misjonssenter 50 års drift. Det er ein sprek 50 åring, som same dag markerar opning av eit nytt internatbygg.

6. juni blir det stor feiring på Tonstadli. Aslaug og Ingve Nord-Varhaug lovar alle gratis koldtbord og jubileumskake. Alle som vil er velkomne for å sjå på nybygget og bli med på festen. Det heile startar kl 12, og kl 14 blir det fest med tale av regionleiar Birger Helland. Han representerer eigar Norsk Luthersk Misjonssamband. Det blir song av "Fjordingane", og historisk prolog ved Torgny Gilje. Kjell Arvid Berland, rårmann i Sirdal, har ei helsing frå kommunen.

Dagen er tilrettelagt for alle aldersgrupper. Vannsklia blir open deler av dagen, og det er også eit hoppeslott på plass. Sa vertskapet ønskjer både store og små og gamle og unge velkomne til Tonstadli.

Det var emmisær Einar Tonstad (1917-1998) som tok initiativ til å bygge ein leirplass på Tonstad. Dette blei realisert, og han var ein viktig pådrivar for Tonstadli i mange år. Drifta av plassen er god i jubileumsåret. For tida har dei også gitt husrom til ungdomsskulen ved Tonstad skule, fram til ny skule står ferdig neste haust.

PØR

Fleire bilder av nybygget kan du sjå her:

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)