Sirdal Kyrkje
Flott konsert i hagen

Flott konsert i hagen

Publisert: 5. Juni 2010
Sirdal Blandakor med innleigde musikarar gjennomførte ein flott konsert i Sigbjørn K. hagen, laurdag ettermiddag. Om lag 80 tilhøyrarar fekk med seg ein vellykka konsert.

"Den hemmelige hagen" er ei vandring i bibelhistoria frå Edens Hage til Den nye himmel og jord. Teksten er skriven av Eyvind Skeie og musikken av Henrik Ødegaard.

Det er eit utfordrande verk for songarar og musikarar. Det er stort spenn i det musikalske uttrykket, og samspelet mellom musikarar og kor fungerte utmerka i hagen. Solistane Ådne Sæverud og Kristin Valle Printz gjorde også ein flott jobb. 

Musikarar var Oddbjørn Stakkeland på tangenter. Ein strykekvartett med Erik R. Stangenes, fiolin, Elise Marie Endresen, fiolin, Beatrice S. Bjørnsen, bratsj, Sarah Høigilt, cello, er profesjonelle musikarar som trivdest godt i lag med koret.  John Gunnar Akerø, saxofon, har vore med Blandakoret ved fleire korprosjekt tidlegare. Denne gong hadde han med seg bassist, og  Andre Grøttheim på trommer. Ingunn Tonstad var med på fløyte. 6 gode jenter som har vore med i Cantarellene var med og song fleire av songane.

All honnør til teknikar Glenn Håland frå Byremo for god lyd i hagen.

Sirdal Bondelag sørga for sal av grillmat etter konserten. Folk koste seg i sola i den fine hagen både under og etter konserten.

Bilder frå konserten finn du her:

PØR

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)