Sirdal Kyrkje
Stemingsfull og vakker konsert

Stemingsfull og vakker konsert

Publisert: 19. Juli 2010
Ingrid Elisabeth Berg, orgel, og Ranveig Helen Lægreid, sopran, hadde en stemningsfull og flott konsert for 35 tilhøyrarar i Tonstad kyrkje, fredag kveld.

Sopran Ranveig Helen Lægreid har ein vakker stemme som ho fekk vist fram gjennom  folketoner og klassiske perler. Ho kjem frå Eidfjord i Hardangar, og arbeidar som songpedagog og songar. Tonstadjenta Ingrid Elisabeth Berg er mastergradsstudent ved Musikkhøgskolen i Piteå i Nord-Sverige.

Det var eit lydhøyrd publikum, og dei gav jentene ein varm applaus etter konserten. Det var tydeleg at programmet hadde varma godt. I tillegg til norske folketoner, var det musikk av Bach, Händel, Mendelssohn, Nystedt og Hambraeus. Konserten blei i det store og heile framførd frå orgelgalleriet, men dei slutta av nedanfrå kyrkjerommet med ei folketone frå Nordfjord med tekst av Anders Hovden. Gåande opp midtgangen song dei folketona "Ned i vester soli glader" a cappella.

Etter konserten var det tid for ein kopp kaffi og en god prat i kyrkja.

PØR
 
 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)