Sirdal Kyrkje
Spenstige latinamerikanske rytmer i Kvævemoen kapell

Spenstige latinamerikanske rytmer i Kvævemoen kapell

Publisert: 6. September 2010
Sirdal Blandakor i samarbeid med musikarane i Latinlinja og fire korjenter frå Sirdal framførte Misa Popular Salvadoreña i Kvævemoen kapell, sundag under Sirdalsdagane.

Det blei ei flott oppleving for dei som fekk sjå og høyre denne spennande messa frå El Salvador. Arne Dagsvik har gjendikta og arrangert messa. Blandakoret framførde den første gong i 1994, like etter at den kom på norsk.

Musikarane i Latinlinja med John Gunnar Akerø i spissen gav korsongaren eit leikande og spenstig tonefølgje. Solist Ragnhild Maria (Berg) Sandvik har ein nydeleg stemme, og gjorde ein flott jobb som solist på fleire av songane. Blandakorets eigne songarar Sigurd Flydal og Sven-Egil Testad hadde fleire solistpartiar. Det hadde også dei to unge songarane frå Cantarellene Astrid Tonstad og Marielle Celine Samslått.

Dirigent Hanne B. Fodstad skal ha ros for å få dei ulike aktørane til fungere saman som ein einskap. Til innleiing siterte ho frå Arne Dagsvik sitt forord:
"De millioner fattige i Latin Amerika trenger oss. De trenger kristne som gjør det de kan for å ta Jesus Kristus på ordet når han utfordrer til å ha omsorg for de fattige, sultne og undertrykte. Og vi skal gjøre det med glede."

Framføringa av Misa Popular Salvadoreña i Kvævemoen var ei viktig påminning til oss som var der, at vi har eit medansvar for fattige og undertrykte menneske i Latin-Amerika og elles på vår vide jord.

PØR

Fleire bilete frå Misa Popular Salvadoreña finn du her:

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)