Sirdal Kyrkje
Aserbajdsjanbasar på Tjørhom

Aserbajdsjanbasar på Tjørhom

Publisert: 7. November 2010
Misjonsbasaren som skulle ha vore fredag 8. oktober, er utsett til fredag 12. november kl 19. Då innbyr Aserbajdsjanforeininga i Øvre Sirdal til basar i Grendehuset på Tjørhom.

Basaren er utsett på grunn av kollisjon med eit anna arrangement i Øvre Sirdal. Aud Ingrid Fidjeland og dei andre i foreininga lover mange flotte gevinstar. Pengane går til Senter for yrkesopplæring i Sheki, Aserbajdsjan. På bildet er tre gutar som har vore ved senteret.

Øvre Sirdal sokneråd fekk sitt første misjonsprosjekt i Aserbajdsjan i 2000. Den gangen gjekk pengane til rehabilitering av nokre skular i byen Nich. Dei siste åra har dei innsamla pengane frå Sirdal, gått til eit senter for yrkesopplæring i Sheki.  Til senteret kjem vanskelegstilte unge mellom 14 og 18 år, og der får dei lære seg eit yrke så dei kan bli sjølvhjulpne.  Mange har fått hjelp gjennom dette senteret som blei etablert i oktober 2006. 

Aserbajdsjanforeininga kom i gang i 2001, og har sidan det hatt basar kvart anna år til inntekt for misjonsprosjektet. Tar vi ikkje feil, er årets basar nummer fem i rekka.

Andaktshaldar på årets basar er kyrkjeverje Per Øistein Rogstad. 

Store og små er velkomne til basaren.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)