Sirdal Kyrkje
Folksomt på Kvæven

Folksomt på Kvæven

Publisert: 8. Desember 2010
Mange tok turen til Kvæven for å vere med på julegrantenning og adventssamling i kapellet på tysdag. For tredje år på rad inviterte Sirdal Fjellmuseum, kulturskulen og soknerådet til adventsmarkering.

Ordførar Thor Jørgen Tjørhom hadde æren av å tenne juletreet ved Sirdal Fjellmuseum, og hadde en hilsen til dei frammøtte. Han sa mellom anna at det er viktig at vi tar vare på dei gode tradisjonane i jula. Akkompagnert av Sirdal musikkorps gjekk sirdølane rundt treet. Heldigvis for musikantane var det litt mildare på kvelden enn tidlegare på dagen, det  var meldt om 25 kuldegradar på morgonen.

Så gjekk turen over til kapellet. Der var det eit allsidig program. Konfirmantane i Øvre Sirdal hadde elementer frå lysmesse, to gitarister og tre pianister frå kulturskulen opptrådde. Dei tre jentene som for tida er med i Cantarellene imponerte med flott song, det gjorde også Sirdal Blandakor og barna som er med i Sprell levande i Øvre Sirdal. Sigurd Flydal hadde andakt, og fortalde om julespelet kor vertshusverten lot Maria og Josef få sitt eige rom i staden for å sende det vidare. Sirdal musikkorps var også med å gje den gode førjulsstemninga i kapellet..

Kvelden blei avslutta på fjellmuseumet med sal av graut, lappar og kaffi. Det blei ein flott kveld, og nå er det ingen tvil: Adventssamlinga på Kvæven har blitt en tradisjon.

PØR

Bilder frå samlinga kan du sjå her:

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)