Sirdal Kyrkje
Ja til Fairtrade i soknerådet

Ja til Fairtrade i soknerådet

Publisert: 15. Desember 2010
Sirdal sokneråd vedtok på møtet 8. desember at dei framleis vil nytte fairtradeprodukt når det er mogleg. I praksis vil det si at ein ønskjer å nytte kaffi og te merka med Fairtrade ved Kyrkjesenteret og ved arrangement i kyrkjelyden. (Foto: Terje Borud, Fairtrade, Norge.)

Sidan 2007 har Sirdal sokneråd vore såkalla Grønn kyrkjelyd, og eit av kjenneteikna har vore at ein  har nytta seg av Fairtrade sine produkt. På oktobermøtet i haust blei det stilt spørsmål om merkevareordninga Fairtrade, og om kor rettferdig den er. Spørsmålet kom på bakgrunn av prosessen i kommunen om å bli Fairtrade-kommune. Dagleg leiar blei beden om å skrive eit notat om merkeordninga til Fairtrade. Dette blei lagt fram på møtet 8. desember. Soknerådet tok notatet til etterretning og vedtok:
Sirdal sokneråd tar notatet: "Fairtrade - alltid fair?" til etterretning. Soknerådet ønskjer å nytte Fairtrade-produkt så langt det er mogleg.

Nedanfor kan du lese notatet som soknerådet har handsama:

Fairtrade - alltid fair?
Notat om Fairtrade til Sirdal sokneråd
Er fairtrade alltid rettferdig? Dette spørsmålet blei reist på soknerådsmøtet 20. oktober under saka om Grøn kyrkjelyd. Det blei mellom anna vist til negativ medieomtale av Fairtrade som merkevare. Underteikna blei beden om å skrive eit notat om dette.
Erling Borgen lagde i 2008  ein dokumentar som blei sendt i NRK-Brennpunkt om nokre Teplantasjar i India, Sri Lanka og Kenya, som viste tilhøve som ikkje var som dei skulle vere. Det finst sikkert også andre døme på at det ikkje alltid er så gode vilkår for arbeidstakarane som ein skulle ønske.
Er dette eit bevis på at heile merkevareordninga Fairtrade ikkje har noko for seg? Det er jo interessant å sjå kven som står bak Fairtrade Max Havelaar Norge som blei stifta i 1997. Det var 12 organisasjonar som var med på dette: Kirkens Nødhjelp, Redd Barna, Norsk Folkehjelp, Framtiden i våre hender, Kyrkjerådet, Handel og Kontor, Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeider Forbund, Verdens Naturfond, Alternativ Handel, Det kongelige selskap for Norges Vel, Norges Bondelag. Seinare har Utviklingsfondet slutta seg til. Viktige støttespelarar er PRESS, Changemaker og Norges Bygdekvinnelag.
Det er ei stor spennvidde i organisasjonane som står bak Fairtrade Max Havelaar Norge, og det bør gjere organisasjonen truverdig.
Forbrukerombudet går god for merkeordninga til Fairtrade på sine nettsider www.forbrukerombudet.no. Dei oppmodar næringsdrivande til å nytte ein av dei offisielle merkeordningane vi har i Noreg; miljømerking (svane eller blomst), Debio for økologiske produkt og Fairtrade for rettferdig handel. Også Forbrukerrådet tilrår Fairtrade-produkt på sine nettsider.

Det er viktig å merke seg at Fairtrade ikkje er ein merkevare, men ein merkeordning som kontrollerar råvarehandelen. Fairtrade kan sjølvsagt bli skulda for å vere eit fordyrande mellomledd mellom produsent og forbrukar. Ordninga skal gjennom kontrollar sikre at dei tilsette hos godkjende produsentar skal ha betre vilkår enn dei elles ville hatt

I ein artikkel frå Aftenposten.no frå 18. mars i år blei dagleg leiar Erik Hager i Fairtrade Max Havelaar Norge intervjua:
Fairtrade ikke alltid fair
Men selv om et produkt er fairtrade-merket, er det dessverre ikke en endelig garanti for at det ikke er brukt barnearbeid i prosessen.
- Inspeksjoner har avdekket barnearbeid i kakaoproduksjonen selv på fairtrade-sertifiserte farmer, sier Hager.
Det uavhengige organet FLO-Cert, som utfører inspeksjoner og kontroller av Fairtrade-sertifiserte bondekooperativer og plantasjer.
FLO-Cert har base i Tyskland, men har rundt 130 lokalt ansatte inspektører som kjenner forholdene, språket og kulturen i det landet hvor de kontrollerer for eksempel fairtrade-kakaofarmer. Men likevel er det noen som prøver å lure seg unna.
- Om vi finner grove brudd, for eksempel barnearbeid eller slavearbeid, vil gården bli suspendert, altså miste sertifiseringen sin. Det fører jo til at de ikke kan selge produktet sitt til fairtradepris og dermed taper de penger på å bruke barn i arbeid, sier Hager.
I slike tilfeller følger Fairtrade opp barna det gjelder i samarbeid med lokale og internasjonale barnerettsorganisasjoner. Kooperativer hvor det avdekkes barnearbeid utarbeider i samarbeid med Fairtrade en strategi for å få bukt med barnearbeid, og får tilbake sertifiseringen igjen dersom Flo-CERTs inspeksjoner viser at denne følges.
(Aftenposte 18.3.2010)
Konklusjonen må nok bli at sjølv om det også er negative sider ved merkeordninga til Fairtrade, finst det ikkje noko betre alternativ heller. Utan tvil har Fairtrade ført til betre arbeidstilhøve for mange fattige arbeidarar.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)