Sirdal Kyrkje
No er livet betre

No er livet betre

Publisert: 15. Februar 2011 av Per Øistein
Då mamma fekk lån til å starte ei grønsaksbu, fekk Yohana (14) eit heilt nytt liv. Yohana (14) er i si eiga verd medan han traskar ved sida av mor si. Det er tidleg om morgonen, og han er trøtt. Dei skal gå langt for å hente grønsaker til bua på torget.

 

– Eg hjelper mamma med jobben morgon og kveld. Det er ei glede. Ho gir meg skulepengar, slik at eg kan få utdanning, fortel Yohana. Han bur saman med mor si og tre søsken i landsbyen Chunya i Tanzania. For to år sidan vart mora med i ei VICOBA-gruppe gjennom Kirkens Nødhjelp.
– Då vart livet betre. No har vi råd til mat, klede og skule, fortel den unge guten.
Skaper forandring
VICOBA (Village Community Banks) er spare- og lånegrupper der medlemmene sparer små beløp kvar månad. Pengane blir samla i ein pott, og medlemmene får høve til å ta opp smålån for å investere i inntektsgivande arbeid og ei betre framtid.
– Vi starta arbeidet med VICOBA i 2006. I dag er det over tusen registrerte VICOBA-grupper, fortel Godfrey Walalaze, Kirkens Nødhjelps programrådgiver i Tanzania.
Det er medlemmene sjølve som eig "banken". Rentene på låna som blir tekne opp, kjem alle eigarane til gode. Slik går overskotet frå prosjektet tilbake til lokalsamfunna. Kirkens Nødhjelp støtter VICOBA-gruppene med opplæring i tillegg til bankboksar og anna materiell.
– Eg blir stadig imponert av menneske som før ikkje har hatt ressursar til å gjere noko ut av livet sitt, men som no reiser seg på VICOBA-møta og fortel den eine suksesshistorien etter den andre: om at dei kan halde barna i skulen, om at dei har skapt seg eit levebrød, og at dei tener pengar, fortel Walalaze.
Viktige forsamlingar
I Tanzania er kyrkja ein naturleg stad å møtast for å ta tak i utfordringar i kvardagslivet. Mange som har vorte med i ei VICOBA-gruppe har hørt om arbeidet gjennom den lokale forsamlinga si, og mange VICOBA-grupper har òg møta sine i kyrkja, sjølv om VICOBA er eit prosjekt på tvers av religionar.
- VICOBA gir menneske styrke til å tenkje gjennom kva dei treng, og korleis dei kan få tak i det. Ansvaret blir lagt i hendene deira, men vi kan gi dei kunnskap og støtte til å stå opp for sitt eige liv. Vi opplever at VICOBA-gruppene tenner voner, seier Walalaze.
Salatblad og utdanning
Yohana og mora er framme hos bonden der dei skal hente grønsakene. Den unge guten har draumane klare for framtida:
– Ettersom mor mi er med i VICOBA, kan eg studere, viss eg jobbar hardt for det. Eg har lyst til å bli politi. Eller jobbe for at landet skal bli meir rettferdig. Demokrati er viktig. Eg vil vere med å gjere Tanzania til ein god stad å leve for mange.
I dag er det salatblad som skal berast tilbake til torget. Flaks! Stort volum, men lett å bere. Yohana smiler og myser mot sola. Denne dagen skal bli god.
 

Faktaboks
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 10.–12. april
– Over éin milliard menneske lever i ekstrem fattigdom. Urettferd tek menneskeliv kvar dag. I år set Kirkens Nødhjelps fasteaksjon søkjelyset på økonomisk rettferd. Saman kan vi kjempe for ei framtid utan fattigdom.

– Det er kyrkjelydar landet rundt som står for gjennomføringa av Kirkens Nødhjelps fasteaksjon. Sirdal kyrkjelyd arrangerer aksjon 12. april og treng bøsseberarar. Ta kontakt med Per Øistein Rogstad på Kyrkjesenteret dersom du vil vere med.

– Pengane som blir samla inn, går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda.

– Støtt aksjonen direkte ved å
o Nytte kontonummer 1594.22.87493.
o Ringje givartelefon 820 44 088 (200 kroner)
o Sende ein sms til 2090 (100 kroner)

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)