Sirdal Kyrkje
Det handlar om rettferd

Det handlar om rettferd

Publisert: 21. Februar 2011
10. – 12. april går Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2011 av stabelen. Då besøkjer konfirmantar, unge og vaksne frå Sirdal kyrkjelyd alle husstander i Sirdal for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelps arbeid. I år er det kampen mot ekstrem fattigdom som er temaet.

 Meir enn éin milliard menneske lever i ekstrem fattigdom. Det vil folk frå Sirdal gjere noko med. 

10. – 12. april går Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2011 av stabelen. Då besøkjer konfirmantar, unge og vaksne frå Sirdal kyrkjelyd alle husstander i Sirdal for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelps arbeid.
– Over éin milliard menneske lever i fattigdom. Urettferd tek menneskeliv kvar dag. Det er ikkje tilstrekkeleg at folk så vidt har nok til å eksistere. Alle menneske har rett til å ha eit levebrød, slik at dei kan klare seg ved hjelp av eigen arbeidsinnsats, seier Per Øistein Rogstad
.
Pengane som vert samla inn, går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda. Pengane blir brukt der dei trengst aller mest.
– Med Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2011 gjer vi eit felles løft saman med folk i Noreg for at fattige menneske skal få moglegheit til å skape seg eit liv utan fattigdom. Ta godt imot bøsseberarane, oppfordrar Per Øistein Rogstad.

I fjor fikk vi inn 43537 kroner i Sirdal. Det var vi veldig nøgde med, samtidig hadde det vore moro om vi klarte å samle inn endå meir i år, seier Per Øistein Rogstad.
 
Skaper sitt eige levebrød
I Tanzania hjelper Kirkens Nødhjelp folk i gang med å skape seg eit levebrød gjennom spare- og lånegrupper i lokalsamfunnet.
– Medlemmene i gruppa sparar pengar i ein pott, og dei får høve til å ta opp små lån frå denne potten, slik at dei kan starte si eiga gründerverksemd og forsørgje familien sin.
Godfrey Walalaze, Kirkens Nødhjelps programrådgjevar i Tanzania, fortel:
– Sidan 2006 har vi oppretta 1000 slike spare- og lånegrupper i Tanzania. Heile tida møter eg menneske som imponerer meg med det dei har klart å få til gjennom gruppene. Dei fortel den eine suksesshistoria etter den andre: om at dei kan ete seg mette, halde barna i skulen, at dei har skapt seg eit levebrød.
Kirkens Nødhjelp støttar gruppene med opplæring, bankboksar og anna materiell.
Vil fjerne årsakene til fattigdom
Fattigdom har svært mange årsaker, éi av dei er at store, internasjonale selskap snyter på skatten i fattige land.
– Fattige menneske mistar helsetilbod og skulegang på grunn av dette. Inntekter som kunne kome innbyggjarane i landet til gode, vert gøymde unna i skatteparadis. Gjennom Kirkens Nødhjelps fasteaksjon ber vi finansministeren sørgje for at ingen norske selskap snyter på skatten i fattige land, forklarar Per Øistein Rogstad og oppfordrar alle til å støtte opp om aksjonen.
 
 
Faktaboks
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 10. – 12. april
Set i år fokus på økonomisk rettferd: Saman kan vi kjempe for ei framtid utan fattigdom.
 
Det er kyrkjelydane landet rundt som står for gjennomføringa. Kontakt Kyrkejsenteret dersom du vil vere med å gå med bøsse. Ring 38371600 eller send e-post: post@sirdal.kyrkja.no
 
Du kan støtte aksjonen direkte ved å:
- Bruke kontonummer 1594.22.87493.
- Ringje gjevartelefon 820 44 088 (200 kroner)
- Sende ein sms <KN100> til 2090 (100 kroner)
 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)