Nyheter
12. Mars
12. Februar
22. Desember
|
![]() Myldreglede i Tonstad kyrkje
Publisert: 27. Mars 2011
av Per Sverre
Borna myldra og såg ut til å kosa seg i kyrkje sundag ettermiddag. For fjerde år på rad arrangerte Konfirmant- og undervisningsutvalet myldregudsteneste for born.
I 2008 starta det opp ei ny form for gudsteneste i Sirdal. Myldregudsteneste for born. Hoveddelen i gudstenesta er når born myldrar i kyrkjeromet. Dei gjeng eller spring frå den eine til den andre "stasjonen" og dei vaksne fylgjer med rundt. I år kunne borna leggje bønelappar i ei korg, gje kollekt til born som lev i fattigdom (Kirkens Nødhjelp), bli teikna med krossmerket og ete frukt. Barnekoret hadde ei eiga avdeling og leia og allsongen. Då kom det fram fleire born og var med og song. Vikarprest Paul Daasvand hadde andakt. Det kom inn kr. 1918,- i gåve til Kirkens Nødhjelp. Tusen hjarteleg takk for gåva! Alle borna fekk med seg eit kort med eit bibelvers på. På det stod Johannes 3,16. I tillegg fekk dei med kvar si fastebøsse heim. Denne kan dei putte pengar på fram til konfirmantane i Sirdal kjem rundt med bøsser, tysdag 12. april. Då kan dei tøma den vesle bøssa over i ei større bøsse. Kommentarer |
Kilde: www.sirdal.kyrkja.no