Sirdal Kyrkje
Aktiv kyrkjepåske i Sirdal

Aktiv kyrkjepåske i Sirdal

Publisert: 15. April 2011
Også denne påska er det ein rekke arrangement både i kyrkjene og rundt om Sirdal.

Mange av andaktane er i samarbeid med andre aktørar som til dømes andakten i Ålsheia som er i samarbeid med Sirdalsutvalet, og markerer starten på Sirdalsløpet. Også andakten i Josdal hyttegrend og Rubekro på Øksensdalsheia er i samarbeid med lokale rennarrangørar. Kyrkja er takksame for å bli invitert, og på den måten sette påske-bodskapen på dagsordenen. Det har blitt ein fin tradisjon med familiesamling på Sirdal Fjellmuseum kvar påske. Her er store og små velkomne til ei triveleg samling med andakt ved Lauritz Bauge og trekkspillmusikk av Øystein Ro, og servering. Det er bare å møte opp på Sirdal Fjellmuseum på påskeaftan kl 14.00. Her er ein oversikt over andaktane i påske. I oversikten over gudstenester finn du arrangementa i kyrkjene:


Skjærtorsdag
Kl 11.00: Ålsheia Skisenter, andakt: Per Øistein Rogstad
Kl 13.00: Raubestøl (Øksendalheia), andakt: Tore Haughom
 
Langfredag
Kl 13.00: Kvinen Turiststasjon, familiesamling ved
Lauritz Bauge
 
Påskeaftan
Kl 12.00: Josdal hyttegrend, andakt: Reidulf Kroslli Ljøkjell
Kl 12.00: Rubekro (Espelidrennet), andakt: Tore Haughom
Kl 14.00: Sirdal Fjellmuseum, familiesamling ved Lauritz Bauge og Øystein Ro
 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)